Ved solsnu


Det lyser frå vakker ei råme
ei høgtid skal atter no kome
Med heilage songar i husa
om andre lèt fjøra si brusa

Ein bauta frå ovan oss vakar
den einsame tause deltakar
Ser skrifta på veggen for alle
frå hedning til kristeleg skalle

Eit hjarte av lyset oss helse
som nyfødd og edel av frelse
Som gleda av sol ved mi side
ho tindrar som vårblomar blide

No kimer det klokker til festen 
og varmande ord i frå presten
Ei helsing til vener eg sender
som kjærleik i venlege hender

Tekst og foto 
G.Skaar

God Jul


Ingen kommentarer: