Sprit og øl


Dagane rusar seg fram og tilbake
Feirar i spriten so nervane knake
Iskalde feilsteg skyt knivar i mage
Hinmannen gøyr som ein pest og ei plage

Stormane gryler kring tankar av frykt
Borte er minna av livet som lykt
Ramnsvarte gaulet til kjære mi sol
Vegen du finn er til næraste pol

Kven kan deg hjelpa å koma på kjøl
når dagen ligg drukna i sprit og i øl
Sjelskrafta ropar frå kjellar av stål
Morningar ventar som tindrande bål

Tekst og foto 
G.Skaar 


Ingen kommentarer: