Tenn meg eit lys


Blant stjerner og åsar sit eg her i kveld
takksam og glad over kjærleikens eld
Fridomen skin over landet eg bur
lukkeleg fri for eit kvart diktatur

Der ute spring kvinner med ungar i arm
dirrande redsle ho strøymer i barm
Bombene flammar på himmelen raud
ungar og gamle fell blodige daud

Stundom eg tenkjer på livet du mor
kvifor skin lyset so gudlaust på jord
Når kvinner og søner av brennande blod
renn svoltne og redde når andre har flod

Ja, livet er urett so gi meg eit svar
kvelden han fostrar ein krigsherja far
Tenn meg eit lys for min kjæraste skatt
so liten og audmjuk eg tenkjer i natt

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: