Ein utru


Ei kjensle av eros dei piner ein kropp
so attråen jagar i verkande hopp
Til kvinner som freistar med yppige blikk
til tunger som ormar i siklande stikk

Du nytar av elskov som berre vil bli
elska av henne som aldri blir di

Du søkjer til draumar med jenter på si
men sjelslivet strandar i kvakksalveri

Du elskar av kroppar som svulmar av blod
der eldhugen styrer til kvelande flod
Du einast har vunne av lærdomen djup
er dåpen av elde til næraste stup

Tekst og foto
 G.Skaar

Ingen kommentarer: