Eg vandra i dagar og såg etter ho
som smilte i vindkasta sprada og lo
Ein morgon ho glytte so heftig mot meg
den vakraste jenta eg såg på min veg
Ingen eg møtte såg stoltare ut
Ingen eg minnast med raudare trut
Glansen av ynde den sette sitt spor
Skjelvande føter slo kroppen til jord
Skjelvande føter slo kroppen til jord
Smilet som stråla det smelta mitt sinn
Hitna eg gjorde og raudna i kinn
Stotra du har det so strålande flott
Gjevast du bygde din heim til ditt slott
Dumskapen strøymde so dugeleg på
Rørsla av føter vart retteleg brå
Blikket mitt flakka som skote av lyn
aldri eg vitna eit vakrare syn
aldri eg vitna eit vakrare syn
Stivbeint eg stotra eg ser deg nok att
kjendest so løye og vera so matt
Vegen til rosa eg hugsar nok vèl
lengten til henne den riv meg i hèl
lengten til henne den riv meg i hèl
Pakkar no sekken med gåver i dag
sprayar so halsen med lukt av eit slag
Kleda dei skin som av vårsola fin
latter og løye er god medisin
Men rosa eg aldri såg snurten av att
eg leita frå grytidleg morgon til natt
Ja, draumane eggar og draumane går
men kanskje det blømer ei ny ei i år...
Men rosa eg aldri såg snurten av att
eg leita frå grytidleg morgon til natt
Ja, draumane eggar og draumane går
men kanskje det blømer ei ny ei i år...
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
2 kommentarer:
vakkert
Takk Jens.
Ja, denne "rosa" tykte eg fortente nokre ord. Den vaks bokstaveleg tala på steingrunn.
Legg inn en kommentar