Møtet med rosa


Eg vandra i dagar og såg etter ho
som smilte i vindkasta sprada og lo
Ein morgon ho glytte so heftig mot meg
den vakraste jenta eg såg på min veg

Ingen eg møtte såg stoltare ut
 Ingen eg minnast med raudare trut
Glansen av ynde den sette sitt spor
Skjelvande føter slo kroppen til jord

Smilet som stråla det smelta mitt sinn
Hitna eg gjorde og raudna i kinn
Stotra du har det so strålande flott
Gjevast du bygde din heim til ditt slott

Dumskapen strøymde so dugeleg på
Rørsla av føter vart retteleg brå
Blikket mitt flakka som skote av lyn
aldri eg vitna eit vakrare syn

Stivbeint eg stotra eg ser deg nok att
kjendest so løye og vera so matt
Vegen til rosa eg hugsar nok vèl 
lengten til henne den riv meg i hèl

Pakkar no sekken med gåver i dag
 sprayar so halsen med lukt av eit slag
Kleda dei skin som av vårsola fin
latter og løye er god medisin

Men rosa eg aldri såg snurten av att
eg leita frå grytidleg morgon til natt
Ja, draumane eggar og draumane går
men kanskje det blømer ei ny ei i år...

Tekst og foto 
G.Skaar


2 kommentarer:

jens sa...

vakkert

Gustav Skaar sa...

Takk Jens.

Ja, denne "rosa" tykte eg fortente nokre ord. Den vaks bokstaveleg tala på steingrunn.