Naboen Tor


Naboen Tor tek seg spriten til sinns
tankane øsne og kule
Helgar han fyller med latter og kvinns
mandagen knapt er å skjule

Åra dei endar i dagar som svir
prega han vert ut av rusen
Tankane svartnar og kjenslene svir
pengane øsla i grusen

Stille ei natt kvervar pusten hans bort
einsam ligg Tor her i køya
Augene tomme mot himmelens port
aldri han meir skulle skøya

Varsamt eg klappar på panna hans bleik
kulden den kjennest som piggar
Mumlar om Jesus i stemma so veik
uflidd mot liket som tiggar 

Naboen Tor han var kompisen min 
kjempa eg hugsar som liten
Røsleg som få men til jorda som svin
ròtna han ligg her i driten

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: