Lise


Ho leikande tirra min bakerste gane 
Ho sukra mi tunge av leskande drykk 
Ho glitra i lyset som vakraste svane 
Ho handa mi tende i dansande rykk 

Ei brennraude drue kan tirre ditt indre 
Kan farge din dag som eit eventyr stort 
Kan fåfengde tankar av djevelskap lindre 
Ei lise for livet av venaste sort 

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: