Adjø


Du glitrande gullgylt her stod
eg gleda i deg fann og lo
Stormane sette sitt spor
borte var lysta i fjor

Du flykta i tårer som rann
i sinne av skjelvande brann
Naken og bleik stod eg att
tankar åleine forlatt

Livet er haustar og vår
Gleder og attgrodde sår
Andletet skin no i dag
Borte er vondskap og nag

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: