Fugl i band


Eg lyer løynde tonar
som låt av syrgjekvad
Frå ho som heime sonar
bak stengslene ein stad

Ho skin av gamal ære
i kvelden varm og pen
I sus frå fjella kjære
eg helsar til deg ven

Lat alle hinder fare
Lat alle fuglar fly
For kjærleik er ei mare
i lekkjer tung som bly

Eg skal deg aldri gløyme
til glade dagar renn
Du er mi sol eg gøyme
du tankar i meg brenn

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: