Ville lyster


Eg er i grunnen blid og ty
og plystrar songar høgt i sky
Eg vandrar rundt på livets veg
og lyset brenn i kvart eit steg

Eg såg ein helgen her ein dag
eit syn i himlen kvad eit slag
Eg kjende det som søt musikk
då auga traff eit stjerneblikk

Ein munn av roser bivra lett
eg fall i stavar rett og slett
Då lyster i mi sjel tok form
av damebryster seng og orm

Eg lukka auga fast ei stund
eg trur eg sovna av ein blund
So kjæla vinden lett mitt kinn
og hender skolv av lengten min

I sjuand` himmel var eg no
av freisting skrømt og heta blod
 Og knapt eg kjende att min sti
for stjerner lyste kvar ei li

Eg tryllar fram ein engel lys
som varmar tanken når eg frys
Ja ingen gir slik vèllyst vill
som ekte englar god og snill

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: