Den hata


Ein hoggorm vart biten av lysta
han slanga seg varmt i sitt hus
Han næra si frue ved brysta
og bydde ei varm lita mus

Men hundsa av mennesker ille
eit offer for døming og hat
Han jordnært må leve so stille
ein feiging kan trakka han flat

I visdom og kraft her i hagen
han kjempar for maten kvar dag
Han ofte går svolten i magen
og listar seg atter på jag

Men Eden gir mette og frelse
han næring til livsstraumen når
Han penaste dama kan helse
dei lever i enno eitt år

Tekst og foto
G.Skaar










Ingen kommentarer: