Englar


Eg minnast ei glede i andakt og sang
med salmar som lydde frå stova
Eit orgel med trøer av særeigen klang
som tona når eg skulle sova

Ja båten var liten og havet so stort
og Jesus han sytte for alle
Ho besta vart engel av lysaste sort
eg endå kan høyre ho kalle

Min Gustav Min Gustav pass frelsa di no
bandittar ligg gøymde rundt nòva
Les bibel syng salmar mot helvetes flo`
du freden i livet blir lòva

Ja besta var trufast til døyande dag
men fråfall tok handa åt guten
Og evig ei miskunn ho fekk av eit slag
men eg famlar framleis i gruten

So tider skal kome og tider skal gå
dei unge lèt salmane bruse
Om boka er sanne veit aldri dei små
som lyser av glede i huset

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: