Raude draumar


Eit lys i det fjerne ein brann i mi sjel
Du vinkar frå himmelen blånar og gjel
Eg smilande auger so visseleg ser
og tenkjer på draumane håpet og ber

Eg ber til deg raudlètne kjærlege venn
send lyster til dagen som tankane brenn
Vi kvitrar som fuglane enno i lag
for ingen kan skjenka meg vakrare dag

Eg vinn deg nok aldri det har eg forstått
men smilet frå deg er mitt strålande slott
Og draumen i dag gir meg fridom i sinn
ein kjærleik til livet om dagane svinn

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: