Jenter på brureferd



Ho blunkar bak tause steinar
og lokkar i dans mot vår
Eg skreller på appelsinar
i tankar om nye år


Ho kviskrar meg vènt i øyret
i kjælande ordelag
Dei vakraste ord eg høyre
kvar evige helgadag

Med solskin i raude kjakar
ei gåve i lèvegg bak
Eg treng ingen maskemakar
Eg hyller mi kunstnar sak

Eg plystrar meg heim i trua
I åndeleg tankeverd
Til løyndom bak seterbua
av jenter på brureferd

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: