Brorskap


Det kveldar i randa min tanke er fri
Eit vindpust meg kjælar på kjaken
Eg skodar mi glede på hav og i li
Og nærleiken blottar meg naken

I einsemd eg hentar min styrke frå deg
Eit brorskap av utstrekte hender
I kjærleik du lyser av draumar til meg
Ei spegling du visseleg sender

Frå scena eg helsar ei snor til mitt liv
I skodde og møye meg leie
Når kulden og ropet frå mørket meg riv
Eg høyrer du godorda seie

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: