Naken


Einsam og naken forlatt
Stille renn tårer kvar natt
Kraftfulle saman vi var
Vokster og gleder som par

Mørket i natta sig på 
Heksene leikar med ljå
Frosten riv kald i mi sjel 
Lokkande kjensler frå hel

Borte er styrken min no
Lengselen glødar som glo
Huset står ribba og tomt
Saman var livet vårt fromt
_
Tankar treng kvila ei stund
Varmen kjem atter i lund
Songar til våren so grøn
Livet vil atter gi løn

Handa du finna vil att
Hjarta til kjærast ein skatt
Eldfulle lepper og barm
Elskande vakker og varm

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: