Apostelens hestar og hinmannen


I fjell på apostelens hestar
der stilla og einsemda rår
Eg aldri åleine ser dagen
det yrar av liv kvar eg går

Så venleg er livet eg møter
at gleda den veks i mi sjel
Eg ser ho der borte i dalen
ho vil meg so inderleg vèl

Eg traff ho her seinaste dagen
ho skein meg til møtes i li
Og sjølv om han develen glytte
i auga av meg og forbi
so kunne han varmen ei taka
eg fann på den himmelske sti
For gleda eg kjende i magen
den gjorde meg lukkeleg fri

Eg ser no at dagen er løyndom
som veks i dei daglege spor
Og gleda som søv der i dalen
ho er som ei elskande mor

Ja alle oss leande vare
som blunkar til livet kvar dag
Vi kjenner ein lysande skare
som svanene utan bedrag

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: