Låtteløye


Det brusar i sivet av latteren god
den lysaste tida på året
Eit minne som glitrar i skodde og flod
når regndråpar strøymer frå håret

Med jenter i sanden og kveldsola gild
blir timar til frydefull gaman
Når kveldsbrisen kjæler på ansikta mild
er møyene mindre i saman

Eg lyer til tonar av trekkspel og sang
og matosen vinkar i lufta
På tærne det skvulpar ein bølgjenes klang
ei soljente ser eg i klufta

Eg tenkjer so ofte på minnene rik
på solfylte dagar og hyggje
Ja kanskje vi alle let praten gå slik
at samkvemet betre vi byggje

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: