Fridomens føter


Ei verd for mine føter
eg lukkeleg kan sjå
Ein dag av nye møter
i lysningane blå

Ein fot treng stundom kvila
frå dagar fylt med mas
So godt å la seg kila
og nippa til eit glas

På sand er husa skakke
ein mur kan detta ner
Mitt hus er no ei brakke
men kosar meg og ler

Dei steg som alt er gådde
i tid er viska vekk
Og måla som er nådde
er gøymde i min sekk

Ja tær har skapt mi glede
dei skin av sveitteglans
Og alltid er dei rede
til song og spel og dans
Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: