Dragen


Det buldrar og sydar frå magen til dragen
Eg søkjer så varleg eg kan hennar hand
Eg leppene kysser og lyttar til klagen
og elskande skodar det vakraste land

Men villskapen lyser frå augene svarte
Frå djupet av gapet det glødar i ròk
Eg tenkjer på enker som et av dei sarte
og dansar på line i magiske stròk

På landet der heime ligg dagane klåre
Eg fredsamt kan hende skal dra dit i dag
Dei minner om barndom og gladlynte tåre`
der kicket eg vinn er av soleglad slag

Frå attrå av rusen på linene strame
flyg tankar til dragen kvar bidige kveld
Men aldri du klarer få dragane tame
som prustar og sprutar den evige eld

Tekst og foto G.Skaar

2 kommentarer:

Anonym sa...

Testing-testing

Homa sa...

Härlig dikt och underbar vacker bild.