Emiren og sessa


Det smiler ein olding med håret i kvitt
Han skodar med lengsel mot æva så blidt
Frå auga det strålar ein ungdommens eld
med jublande tankar frå morgon til kveld

Ein ven har nyst sovna frå vinterens fryd
frå senga det strålar ein varmblodig pryd
I draumar ligg håpet av sølvblåe glans
ho samlar nok krefter til vårkåt ein dans

Frå djupet i stilla syng vindane kjær
ei kviskring ved kjaken eit pust av begjær
Den gamle ser perler i islagt natur
du vinter i fjellet er venleiken pur

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: