Livet som fant


Huset mitt bles seg på skakke
med vind gjennom vegger og tak
Men eg kan Vår Herre han takke
for utsikt er slett inga sak

I einsemd eg sit i mi hòle
Fann lukka i ringaste ly
Let andre der nede få skråle
og nynnar mi glede i sky

Når sola går ned ut i havet
til skrattande ryper og trall
 Eg ler av det jordiske kavet
i riket til himmelens hall

Og strålar i morningen gyller
meg skattar i landskapet vilt
So livlege tonar meg fyller
med flammande dagar so gildt

Ja livet som fant er ei lukke
og synsranda visdomen rekk
Om regnet frå taket det klukke
 og vegger er aldri so lekk

Kan hende ei jente hit vankar
so vakker ein dag her til meg
Og kjærleik på døra mi bankar
ser gleda i nygådde steg

Tekst og foto 
G.Skaar




Ingen kommentarer: