Seglturen


Eg drøymde meg bort i ei reise so lang
at havet det lokka med sjømannens sang
Mi skute var vakker og Free var mitt namn
so hjarta det banka frå hav og til hamn

Eg møtte på ferda so mangt av eit folk
og aldri eg sakna ein kvan som min tolk
 Av auger det lyste av varmande sjarm
og alltid var nevar so faste og varm

Som konge eg segla til land etter land
og dansa med folka på strand etter strand
Eg lærte meg songar eg aldri forstod
men kva gjorde det når vi dansa og lo

Ja alle kan ta seg ein tur hit ombord
og synge min song i frå sør og til nord
For hender og auge er nett likedan
frå Dale til Playa og aust osean

Eg vakna av draumen på høgaste flo
og kjenslene strøymde av tankane go`
Mi reise var over, men draumane vann
for livet er dagar av kjærleiken sann

Tekst og foto 
G.Skaar




Ingen kommentarer: