Tårnet eller Lysande Smykke 2


Tidlause trufaste mannsterke du
som viser for verda at fast er di tru
Der andre fell frå slik som snøen om våren
står du att så rak som av eventyr skåren

Frelsa frå elden kan ingen betale
Glitter og rikdom gjer somme banale
Du syner gleda i dagen for andre
Motet ditt gagnar om falne deg klandre

Om eg var ein fugl sov eg trygt ved di side
i graset så mjukt sjølv om eg fòr så vide
Og draumar om kjærteikn var felles vår arv
kom vårar kom vintrar og kulde som kvarv

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: