Furie


Eit vesen av Ate kan skremme ein kar
om ikkje han syner seg retteleg snar
Å vandre seg frampå dei løynlege spor
kan tirre fram sinne til vernande mor

Eg trødde meg bort frå den brennande li
frå ungar som peip kringom matmora si
Eit minne for livet i hugen vart mitt
takksam eg kjenner på eldsinnet ditt

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: