Sola og jenta


Frå stova eg skodar ei haustsol i kveld
ho fyller min tanke med under
Og fager eg jenta i armkroken held
ho deler meg varmande stunder

I stilla ligg orda som sommaren gav
av minner frå dagane gådde
Dei herlege stunder eg sansar i hav
ein fridom som tankane sådde

Ja, livet er haustmørke vintrar og vår
ei jente i handa mi smiler
Og kanskje er grodagar nett kva du får
når sola og jenta di kviler

Tekst og foto
G.Skaar

Mot natt


I vesterlei går ferda
når sol av dag går ned
Med sekken min på herda
gjev natta salig fred

Tekst og foto 
G.Skaar

Livet som fant


Huset mitt bles seg på skakke
det bles gjennom vegger og tak
Men eg kan Vår Herre han takke
for utsikt er slett inga sak

Åleine eg sit her i hòla
Fann lukka i ringaste ly
Lèt andre i byar få skråla
eg nynnar mi glede i sky

Når sola går ned ut i havet
til skrattande ryper og trall
 Eg smiler av jordiske kavet
mot riket i himmelens hall

I dagning meg solstrålar gyller
dei skattar mitt auge so gildt
So livlege tonar meg fyller
av flammande dagar so snilt

Ja livet som fant er ei lukke
og synsranda visdomen rekk
Om regnet frå taket mon klukke
 og vegger er aldri so lekk

Kan hende ei jente no vankar
so vakker ein dag hit til meg
Og kjærleik på døra mi bankar
av glede i nygådde steg

Tekst og foto 
G.Skaar



Kjære hender


Ser dine raudlètne hender
Trygge og gode av liv
Valne med rynkete render
Kjære når hauststormar riv

Hausten er fargerik prektig
Falle det gjorde vi to
Dansa i stormane mektig
Blomstra av spirande gro

Haustdagar vårar i handa
Stormar fell alltid til ro
Årstider strålar av banda
Kjærleiken blømer i to

Tekst og foto
G.Skaar


Naboen Tor


Naboen Tor drakk seg spriten til sinns
tankane øsne og kule
Helgar han fylte med latter og kvinns
mandagen knapt var å skjule

Åra tok ende i dagar som svei
gamal han vart ut av rusen
Tankane svartna og hinmannen rei
pengane øsla i grusen

Stille ei natt kverva pusten hans bort
einsam låg Tor`n i køya
Augene tomme mot himmelens port
aldri han meir skulle skøya

Varsamt eg klappa på panna hans bleik
kulden den kjendest som piggar
Mumla om Jesus frå stemma mi veik
uflidd låg Tor`n som tiggar 

Naboen Tor han var kompisen min 
branden eg hugsar som liten
Karsleg som få lagt til kvile som svin
ròtnande ligg han i driten

Tekst og foto
G.Skaar

My father`s eyes


A streaming world of wonder
ran slipping out of time
Just like the eyes of daddy
in sorrow pain he climbed
My eyes become my father`s
in distance way afar
Like grindstones they keep rolling
you`ll see them in a star

Tekst og foto
G.Skaar

Himmelske sauer


Eg sprang over hamrar og myrar og sva
i redsle at føter sku` bryta
Men fanden han vite eg lamma sku` ha
og kjøtet sku` surre i gryta

Og sveitten han sila og lamma dei jòg
di meire eg sprong og eg sveitta
Frå høgaste fjellet til djupaste skog
eg trudde til himmels dei letta

Det lakka og lei eg vart svolten og svak
det knappast var krefter til pusten
Og alt kva eg såg var ein dinglande bak
som geipa og lo i mot Gusten

I myra stod fanden og gliste med ljå
eg tankane hadde som galen
Då lukka mi snudde som ut av det blå
og gneldring eg høyrde frå dalen

Som send i frå ovan stod bikkja meg bi
og lamma stod lamslegne bange
Det var som Vår Herre gav sjela mi fri
og lamma eg no kunne fange

Ein sau er ein sau og ein skrott er ein skrott
i æva er alle so like
Om sauen skal leva i æva for godt
vi møtest i himmelens rike

Tekst og foto 
G.Skaar

Minna om besta


Eg minnast ei glede i andakt og sang
med salmar som lydde frå stova
Eit orgel med trøer av gåtefull klang
som tona når eg skulle sova

Og båten var liten og havet so stort
vår Jesus han sytte for alle
Ho besta vart engel av venaste sort
eg endå kan høyre ho kalle

Min Gustav Min Gustav pass frelsa di no
kjeltringar kryp kring om nòva
Les bibel syng salmar mot helvetes flo`
sjelslivet freden skal lòva

Ja besta var trufast til døyande dag
men vrangtru tok handa åt guten
Ho evig ei miskunn nok fekk av eit slag
 der eg haustar tankar frå gruten

Ja tider skal kome og tider skal gå
som kristne lèt salmane bruse
Om boka er ordrett veit aldri dei små
som lyser av glede i huset

Tekst og foto
Gustav Skaar

Fuglen


Eg møtte på ferda ein skapning
av motløyse peip han si sut
Det var då det lei i mot dagning
han skulle bak blånar og nut
I einsemd han sat der i søla
og hikste til himmel og li
Han brusa med vengjer og nøla
då talen min starta å gli

-

Ingen kan endra på lagnaden
det lodd ein har fått i sitt liv
No treng du å finna til flokken
for her blir det kulde som riv

Han stirde med vemod på andletet
og skjønte kva mil eg var gått
So heva han trassig på nebbet
eg skjønte han hadde forstått

Åt vår kjem du att so vakker
So godt å dra bort ei stund
Eg sit nok og kviler i hytta 
sårt treng eg no til ein blund

Det stråla frå klåra av auger
og borte vart fuglen for godt
Stille eg skoda mot heia
og tusla so inn i mitt slott

Tekst og foto 
G.Skaar

Det kveldar



Det lakkar og lir i mot kveld
 ferda mi var som ein eld
Eg vandra i glitrande gull 
 tralla min gladaste sull
Eg klatra den prektige nut
i sæle og utan ei sut

No stundar eg heim til mitt bu
 henne mi lysande bru
Til venleg eit smil og ei hand
knyter dei sterkaste band
 Til kjærlege ord mot mitt kinn
so søvnen og kvila eg finn

Tekst og foto 
G.Skaar




Himmel sol natt og dag


Om det var godt for helsa å liggje der i nordavinden
veit eg ikkje
Men kveldssola hjelpte
Å sjå mørket senke seg over heimbygda
var  mektig
Mor mi i det store huset
og radioen
Andar framleis ønskekonserten?

Livet er himmel sol natt og dag
Snart lyste alle stjernene over hovudet mitt

Tekst og foto
G.Skaar


Kvinner og vin


Draumane lokkar på havet det blå
mot guten frå landet det kalde og grå
No dansar det jenter i solstrålen varm
 med brunfarga kroppar og struttande barm

Ja tankane lokkar til varmare land
til vaiande palmar og brennande sand
Når jentene dansar i havbrisen linn
so kokar ein skalle det heitast du finn

Ein trave i skodde er sørgjeleg syn
no plaskar det væte med torden og lyn 
Og kaldslege vindar so neglene sprett
mot rennande nase og hovudet tett

Nei, no vil eg fara til varmare stròk
skal slutte med slitet og selja min kåk
Eg dagar skal nyte og kveldane fin`
sjå sola i havet med kvinner og vin

Tekst og foto 
G.Skaar


Lystige jenter


Det stundar so ofte til avskjed og gråt
der bitar av hjarta blir borte 
Men reiser kan tryllast til hjarteleg låt
 om strålar av sola er korte

No andar eg livet i langdryge drag 
der jentene pene meg strålar
Og tenkjer på solskin vi hadde i lag 
når regntunge dagar renn tårar 

I minna ligg gleda vi hadde i går
 for sorger brenn tause som elden
Dei lystige jenter dei blømer av vår 
når dagen min andar mot kvelden

Tekst og foto 
G.Skaar




Kjære Roser


Roser er eit syn å sjå
Godt å gjeva kjært å få
Tenner flammar i mitt sinn
Varme minner tanken finn

Vakker stilig rein og rank
Stolte kruner lang og slank
Song av kjærleik tonar mildt
Livsens gleder strøymer gildt

Hausten rammar kvar ei krå
Kulden bit i nakne strå
Tappert glødar gamal rot
Livet andar atter mot

Roser stig igjen mot sky
Blømer kjærleik ung og ny
Praktfull lyser vårens drakt
Roser er min hjartans prakt

Tekst og foto
G.Skaar


Lokkande kvinne


Brått lyste dagen so fager
eg såg gjennom skodda den grå
Der dansa ei jente so mager
på kvelven av himmelen blå

Langs irrgrøne solrike dalar
ho gløda av eggande lyst
Mot himmelens evige salar
ho svaia med struttande bryst

Eg gyste av skjelving den stunda
og kjenslene brann som ei glo
Eg glana og vakta og grunda
då brått ho ved bringa mi stod

Ho lokka til tango med handa
mot eden vi dansa so flott
I øsande jubel vi landa
då leiken han slokna so brått

I sola ho visna i sinne`
og einsam på jord stod eg att
Pass tanken for lokkande kvinne
ho tryllar deg tagal og matt

Tekst og foto 
G.Skaar